Vidareutvikling og vekst

Treng du hjelp til nødvendig og krevjande vidareutvikling?

Har du idear som skrik etter å verte realisert? Flaskehalsar som må ryddast? Ser du forbetringspotensiale og smarte løysingar som du ikkje har tid til å realisere? Vil du ha merkantil hjelp til å utforme og skrive ein Skattefunn-søknad?

Eller vil du ha nye forslag? 

Kva er viktig og ønskjeleg for deg? Kva motiverar deg?

Med meg kan du diskutere kursval og vidareutvikling av bedrifta di, underbygd av interne og eksterne moglegheiter og krefter som styrer og påverkar omsetning og inntening. 

 

Alt kan endrast, utviklast og forbetrast.

Ligg utfordringa i eigen økonomi eller teknologi? Kompetanse, adferd, relasjonar, kultur, lokalisering, m.m.?

Eller eksternt på leverandørsida, hos mellomledd, kundar, brukarar,  konkurrentar eller myndigheiter? 

Du kan gå i gang vel vitande om at eg samlar lause trådar, koordinerer aktivitetane, held oversyn og skapar framdrift. Alt i nært samarbeid med deg til variable eingangskostnadar og utan det store tidsforbruket.