Forretningskonsept

CreaNor hjelper deg med å kommersialisere ein god produktide, slik at den også kan verte ein god forretningside.

Korleis få produkta på marknaden? Kva ressursar trengs og kva kostar det? Greier du å nå fram til sluttbrukaren, og korleis kommunisere budskapet?

CreaNor likar å jobbe med produksjonsbedrifter. Dei må gjere sine eigne og unike val og har stor risiko samanlikna med handelsverksemder. Val av marknad og målgrupper, produkt og produksjonsutstyr, distribusjonskanal og profilering er vedtak med særs lang tidshorisont, samt høge og irreversible investeringar. 

 CreaNor hjelper deg med utviklinga og losar deg gjennom

-Idefase

-Situasjonsanalyse internt og eksternt

-Konseptfase (konkretisering beste idear)

-Designfase (godkjent konsept)

-Realisering

-Lansering/drift

 

CreaNor tilbyr ei utvikling som føl to aksar:

-Forretningskonsept og produktkonsept.

For kvalitetssikring av framdrift og prosess definerar forretningsutvikling overordna mål og legg føringar for produktutviklinga.

Forretningsutvikling fullfører kvart trinn før produktutvikling fullfører sitt arbeid.

(Om ikkje kan det gå skikkeleg galt: Alt som kan produserast kan ikkje seljast, men alt som kan seljast kan produserast !)

 

Kommunikasjonsplattform

Lag di eiga kommunikasjonsplattform (mini-marknadsplan) og få fram det unike i ditt konsept.  Les meir her:

Kulturbaserte næringar

Sidan 1998 har CreaNor vore ei drivkraft innafor småskala mat og reiseliv.

Les meir her: